Nynorskhatet er typisk høgresidas egosentrisme

Publisert måndag 8. juni 2009 av Mads

At høgresida - kanskje særleg ungdomsorganisasjonane - er populistiske på alle ikkje-økonomiske spørsmål burde ikkje overraska nokon. På den måten skjuler dei at politikken deira er ein gåvepakke til overklassen og tilsvarande katastrofal for resten av oss.

Dette får jo ein del meir eller mindre artige konsekvensar. Dei køyrer på med framandfrykt, med bensinprisar og, som dei liker å dra fram i kvar skolevalkamp, nei til nynorsk.

Dei kamuflerer det under parolen “valgfri nynorsk”, og verker å tru at alle i Noreg har bokmål som hovudmål. Dette er beint fram feil. Vi er 500 000 nynorskbrukarar i dette landet, og det er rett og slett totalt arrogant å gå ut frå at vi ikkje finst. Skal sjå kommentarane derifrå om vi i målrørsla startar kampanjen “Valfri bokmål”…

Dei ønskjer openbart eit fleirtalstyranni. Sia eit fleirtal brukar bokmål, gir vi totalt blanke i nynorskbrukarane. I tillegg er det tydelegvis heilt greitt at nynorskbrukarar skal lesa bokmål, men omvendt er katastrofe. “Ja, for nynorskbrukere leser jo så mye bokmål likevel”. Ja, det er heilt sant at vi nynorskbrukarar er omringa av bokmål i samfunnet elles. Den logiske konsekvensen av dette bør da vitterleg bli at bokmålsbrukarar bør lesa mykje meir nynorsk for å veie opp?

Eg finn meg ikkje i å bli handsama som ein B-innbyggjar fordi eg nyttar ei anna målform enn dei. For det har eg nemleg lovfesta rett til:

Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

står det i Mållova. Dette har ein del praktiske konsekvensar. Skal ein sjølv kunne velje fritt, må ein veta kva ein veljar mellom! Dette bør vera ein generell regel som dei fleste er samde om. Og skal ein kunne velja fritt mellom målformane, må ein følgjeleg ha kunnskap om begge to - og ha såpass kunnskap om begge to til at ein er i stand til å vurdera dei opp mot kvarandre og gjera eit bevisst val.

Puggepartia Venstre, Høgre og Frp trur openbart at slik kunnskap berre dett ned frå himmelen. Interessant.

Interressant er det òg at desse partia, som skrik ofte og høgt om valfridom, i praksis vil ta frå oss mulegheita til å velje målform sjølv. Du skal ikkje ha noko val, men bruke den målforma som meir eller mindre tilfeldig vart tillagt deg på borneskolen. Hurra!

Så er det sjølvsagt ei anna sak at sidemålsundervisninga jamt over er anten fråverande eller altfor dårleg. Det må vi gjera noko med. Som det er i dag er det berre dei språkbevisste blant oss, som eg, som faktisk gjer eller vurderer eit målbyte. Vi må gjera det til ei realistisk mulegheit for alle.

Det frie, demokratiske, vestlege Frankrike - ytringsfridomens høgborg

Publisert laurdag 6. juni 2009 av Mads

“Hou la menteuse” - “Oj, vilken lögnare” !

Så skrev 49-åriga hemmafrun Dominique Broueilh om franska familjeministern Nadine Morano på Dailymotions blogg i vintras.

Tre små korta ord räcker för att hon ska bli kallad till polistationen. Dominique är nu åtalad för att offentligt ha förolämpat en politiker.

http://www.aftonbladet.se/nyheter/article5320788.ab

Streiken “rammar” deg ikkje, den hjelp deg

Publisert tirsdag 26. mai 2009 av Mads

Media er kvar vår veldig glade i å skrive om “faren for streik” og “sånn rammes du av streiken” - som om streik er noko negativt. Og som om streik er negativt for alle andre enn dei som streikar.

Dét er jo ikkje sant. Mange av dei rettane vi har i dag hadde vi anten ikkje hatt, eller fått mykje seinare, viss ikkje dei før oss satte hardt mot hardt og streika for deg. Streikeretten har historisk vori elementær i kampen for demokratiske rettar, særleg i, men òg utanfor, arbeidslivet.

Streik er den sterkaste reaksjonen arbeidarane kan komme med mot eigarane - kamp for klasseinteressene i sin klaraste form.

Streik er ein konsekvens av og eit middel i maktkampen mellom arbeidarar og eigarar - mens eigarane har interesse av å halda på mest muleg av potten sjølv, har arbeidarane betre av ei jamnare fordeling. Og mens eigarklassa kan ty til lockout, stengje arbeidarane ute, har arbeidarane streikeretten som sin ultimate trussel.

Og streiken har solidariteten som eit viktig poeng. I ein streik står arbeidarane samla for sine interesser - mot eigarane som går imot dei. Vi har da òg sett ei rekkje sympatistreikar gjennom tida - som både er rein solidaritet og i tillegg å styrke sine eigne interesser. For ein veit aldri når det er deg det gjeld, og da er det bra å ha andre arbeidarar i ryggen. Og sjølv om ein streik i andre yrkesgrupper enn di eiga på kort sikt kan få negative konsekvensar for deg, er det på sikt betre for alle oss vanlege folk om streikarane vinn fram. For kvar streik, kvar forhandlingsrunde, kvart oppgjer er ein dragkamp mellom arbeidarklasse og overklasse - og for kvar streik som fører fram, kvart oppgjer som går til arbeidarane sin fordel, kvar gong arbeidarane vinn, blir det lettare for resten å vinne ved sin neste korsveg.

Når det er sagt, så er mykje å gå på i streikeretten vi har i dag, særleg i form av den overdrivne bruken av tvungen lønnsnemnd som bør ned og bort.

For det er ikkje utan grunn at streikeretten reknast som ein av grunnsteinane i den nordiske velferdsmodellen. De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl

“Rammar” og “fare” i seg sjølv bør vera nok til å skjønne at media iallfall ikkje er venstrevridd.

Jens Stoltenberg, denne er til deg og dine likesinna

Publisert tirsdag 19. mai 2009 av Mads

(les Snorre og Simen om korfor)

Ni som tjänar på krig
och på att människor dör
Ni som tillverkar vapnen
som slår ihjäl och förstör
Ni som säljer gevären
och kanonerna med
Jag vet var ni finns
och jag vet vem ni är

Ni sitter bakom skrivbord
i eleganta kvarter
Och ni leker med världen
som om världen var er
Sen är det alltid nån annan
nån annan än ni
som ska marschera och dö
i era smutsiga krig

Ja, det är alltid dom unga
som ni skickar till slakt
medan ni sitter hemma
i era slott och palats
Och ni talar om ära
och ni talar om mod
Men det enda dom får är ångest
och gyttja och blod

Ja, ni hycklar och ljuger
och ni kör era spel
Men jag ser rakt igenom
era lögner och svek
Ni talar om frihet
och om demokrati
Och så handlar det bara
om simpel profit

Och ni skickar missiler
mot kvinnor och barn
mot gamla och sjuka
som inte har nåt försvar
Ni är liksom gamar
som lever på lik
Fast ni slipper ju höra
dom sårades skrik

Och ni hotar vår framtid
och våra ofödda barn
med bakterier och gifter
med plutonium och uran
Och ni kanske har pengar
och ni kanske har makt
men det enda jag känner
för er är förakt

Jag måste ställa en fråga
Tror ni silver och guld
kan köpa er fria
från ansvar och skuld
Tror ni era mäktiga vänner
kommer att va er till hjälp
den dan när ni brinner
i helvetets eld

Ja, jag hoppas ni dör
och att det inte gå fortNi som tjänar på krig
och på att människor dör
Ni som tillverkar vapnen
som slår ihjäl och förstör
Ni som säljer gevären
och kanonerna med
Jag vet var ni finns
och jag vet vem ni är

Ni sitter bakom skrivbord
i eleganta kvarter
Och ni leker med världen
som om världen var er
Sen är det alltid nån annan
nån annan än ni
som ska marschera och dö
i era smutsiga krig

Ja, det är alltid dom unga
som ni skickar till slakt
medan ni sitter hemma
i era slott och palats
Och ni talar om ära
och ni talar om mod
Men det enda dom får är ångest
och gyttja och blod

Ja, ni hycklar och ljuger
och ni kör era spel
Men jag ser rakt igenom
era lögner och svek
Ni talar om frihet
och om demokrati
Och så handlar det bara
om simpel profit

Och ni skickar missiler
mot kvinnor och barn
mot gamla och sjuka
som inte har nåt försvar
Ni är liksom gamar
som lever på lik
Fast ni slipper ju höra
dom sårades skrik

Och ni hotar vår framtid
och våra ofödda barn
med bakterier och gifter
med plutonium och uran
Och ni kanske har pengar
och ni kanske har makt
men det enda jag känner
för er är förakt

Jag måste ställa en fråga
Tror ni silver och guld
kan köpa er fria
från ansvar och skuld
Tror ni era mäktiga vänner
kommer att va er till hjälp
den dan när ni brinner
i helvetets eld

Ja, jag hoppas ni dör
och att det inte gå fort
Att ni får pinas och plågas
för det ni har gjort
Och den dagen ni dör
blir en underbar dag
Och jag ska gå dit där ni ligger
och jag ska pissa på er grav
Att ni får pinas och plågas
för det ni har gjort
Och den dagen ni dör
blir en underbar dag
Och jag ska gå dit där ni ligger
och jag ska pissa på er grav

Personvern

Publisert onsdag 13. mai 2009 av Mads

Eg har den siste tida vori temmeleg opptatt av personvern, og i stadig større grad vorti uroa over utviklinga i den vestlege verda i dag, kor vi går mot stadig meir overvaking på fleire og fleire område av livet, og i stadig større del av tida. Vi fyller opp registre, filmar og bilder av oss blir lagra i hopetal kvar dag, og ved enkel krysskopling av eit par registre er det utruleg kor mykje informasjon ein kan få ut.

Særleg etter 11. september 2001 har dette skoti fart, og det synes ikkje å vera grenser for kor mykje overvaking ein treng for å sikra oss fridom. Med tvang skal fridom forsvarast, synes å vera filosofien ein følgjer.

Heldigvis byrjar fleire og fleire å få opp auga for den farlege utviklinga dette inneber. Her heime er det Venstre, SV og Raudt, med tilhøyrande ungdomsparti, som tar og har tatt personvernet på alvor. Og det fascinerar meg litt. For kor står dei tre største partia i landet når det gjeld desse særs viktige spørsmåla? Arbeidarpartiet fortsett å vera på den overvakingslina Haakon Lie drog opp. Det sjølverklærte fridomspartiet Høgre stør overvakinga, vil innføre datalagringsdirektivet og verkar ikkje å ha særleg mange kvaler med å kaste alt som liknar personvern på sjøen. Og Fremskrittspartiet sitt syn er ikkje lett å bli klok på, dei vinglar fram og tilbake. Krf tør heller eingong meine noko. Senterpartiet er heller ikkje særleg frampå i debatten, men dei går nok med på veto mot det meste som kjem av tulledirektiv frå EU - og det er jo ein god start.

Så da blir det Venstre og vi på venstresida som tar fridomen på alvor. Det må vel vera litt flaut for nokon og ein kvar blant resten av dei “liberale”. Uansett er det heilt essensielt for personvernet i Noreg si framtid kva som skjer ved valet i haust. Derfor er det så viktig at vi får eit sterkt SV for å presse overvakingselskarane i Ap - og for så vidt òg at folk med eit borgarleg grunnsyn trekk bort frå Høgre og Frp.

Vi i Sosialistisk Ungdom vedtok i fjor eit klart nei til EU sitt datalagringsdirektiv, hovudsakeleg forfatta av underskrivne. No har heldigvis landsstyret i SU valt å videreføre og styrke denne retninga, og i helga vedtok dei den fråsegna eg skreiv eit utkast til, der det gjennomgåande bodskapet er med fridom skal fridom forsvarast.

Det nøyaktige vedtaket lyd sånn:

Ikkje overvak oss, Sverige!

Uttalelsen vedtatt av SUs landsstyremøte 10.05.2009

Den såkalla “krigen mot terror” har førd til og legitimert ei rekke åtak mot vanlege folk sitt personvern i heile den vestlege verda. SU krev ein slutt på denne krigen mot demokrati og ytringsfridom. På same tid ser vi ei skremmande utvikling der krigen mot internett-piratane i fleire land fører til at respekten for privatlivets fred og ivaretaking av personvernet blir utfordra av storselskaper, lobbyorganiasjoner og deira politiske støttespelare.

Særleg er Internett eit eigna område for dei som vil ha eit overvakingssamfunn. I Storbritannia kan politiet utan vidare ta seg inn i pcene til folk. Datalagringsdirektivet frå EU er skummelt nære oss, og ikkje minst har Sverige innføyrd ei overvakningslov som gjer dette direktivet til småtteri – den såkalla FRA-loven. Her opnar dei for at all datatrafikk inn og ut av Sverige blir overvakt. Dette rammar nordmenn i stor grad, da mykje av Noregs datatrafikk går via Sverige. Dermed er FRA-loven eit overgrep mot rettsvernet og personvernet også for nordmenn. I tillegg til dette går ein del av den interne norske trafikken via servere plassert i Sverige. Datatilsynet har konkludert med at “FRA-loven vil få konsekvenser for norske borgeres personvern”.

Som om ikkje dette var nok, har EU innførd ei lov, IPRED, som delprivatiserar rettsvesenet og gir underhaldningsbransjen lov til å opptre som eit slags politi. Dette er særs negativt for rettsvernet til folk, og frontar ei utvikling som må stanses fortast muleg. No forhandlar EU, Japan og USA om ein ny avtale som går under namnet Anti-Counterfeiting Trade Agreement, ACTA, som ser ut til å bli ei større og verre utgåve av IPRED-lova. Den forhandlas fram av få land, i hemmelege møter, og i tett samarbeid med underhaldningsindustrien for å kunne innførast utan for mykje offentlig debatt.

Lovar som IPRED-, FRA- og Hadopi-loven, innført av dei borgerlege regjeringane i Sverige og Frankrike, bør tene som ein åtvaring til alle som er opptatt av personvern og folks tilgang til informasjon og demokratiske kanalar i Noreg. SU vil være den sterkaste forsvarar for at personvern og rettsikkerhet skal gjelde også på internett.

SU kan ikkje akseptere noen form for statlig nettsensur. Dei eineste unntakene fra dette som kan forsvarast, er pålegg til internettleverandørar om å stengje ute enkelte ip-adresser som formidlar barneporno og lignende grove kriminelle handlingar. På same vis som i post- og teleselskap bør dette bare skje i tilfeller der det er begrunnet mistanke om lovbrudd og ikkje som følge av ein generell overvaking.

Denne aukande overvakinga må ta slutt. Personvern er ikkje eit tomt tulleomgrep, det må tvert om styrkast og forsvarast med nebb og klør som ein av dei viktigaste grunnpilarane i eit fritt og demokratisk samfunn.

Sosialistisk Ungdom krev i den samanhengen at regjeringa gjennomfører desse viktige tiltaka:

  • Klart og tydeleg forteljer den svenske regjeringa at FRA-loven er forkasteleg.
  • Legg ned veto mot datalagringsdirektivet om det skulle bli aktuelt.
  • Hentar dei fire «norske» basestasjonane i Sverige over til norsk jord, slik Finland allereie har gjort.
  • Nettnøytralitet skal fortsetje å vera eit viktig prinsipp for ny lovgjeving på nettet.
  • Sikrar at det framleis berre skal vera politiet som skal kunne hente informasjon om kundar frå internettleverandørane, og at dette som i dag skal krevje ei rettsleg avgjerd.
  • Gjer det klart at internettleverandørane ikkje skal føre tilsyn med kva kundane deira lastar ned.
  • Held ein konsekvent og stø kurs med sterkt forsvar for personvernet og bort frå overvakingssamfunnet. Med fridom skal fridom forsvarast!

SU best på fildeling

Publisert søndag 10. mai 2009 av Mads

Den faste lesar vil hugse at eg tidlegare skreiv litt om mitt syn på fildeling, og litt om kva Høgre og Frp synes om det med det samme.

Derfor gleder det meg skikkeleg at medan høgresida nok ein gong er heilt på jordet, kjem SU med eit vedtak som rett og slett berre er skikkeleg godt, og kor eg er einig i nesten alt. Da blir eg glad for å vera med i ein organisasjon som går framover inn i framtida.

Eit anna av dagens vedtak går på overvaking og personvern, og byggjer på utkastet eg skreiv. Det er godt muleg eg skriv eit nytt innlegg om dette vedtaket òg.

Her er det SU sitt landsstyre vedtok om blant anna fildeling:

For kultur, deling og personvern i internettalderen

Vedtatt av SUs landsstyremøte 10.05.2009

Sosialistisk Ungdom mener fildelingsteknologien innebærer store muligheter som må utnyttes til det beste for fellesskapet. Delingsteknologien gjør at stadig flere mennesker på enkelt vis kan få tilgang til kultur og kunnskap som beriker våre liv, og mens utøvere og opphavsmenn før var avhengige av et stort og dyrt apparat for å nå ut til folk, representerer teknologien en ny mulighet til å få spredt produkter raskt og nå ut til tusenvis av mennesker. Fildelingsteknologien utfordrer imidlertid rammene for eksisterende lovverk og reiser flere viktige problemstillinger, både knytta til kunstneres inntektsgrunnlag og grunnleggende rettsprinsipper knytta til personvern og overvåkning.

SU vil være den sterkeste forsvarer for at personvern og rettsikkerhet skal gjelde også på internett. Det er skremmende å se at fildelingsteknologien i flere land fører til at respekt for privatlivets fred og ivaretakelse av personvernet blir utfordret av storselskaper, lobbyorganiasjoner og deres politiske støttespillere. I Norge ser vi at Høyre følger etter de borgerlige regjeringene som har innført overvåkningslover i Sverige og Frankrike.

SU kan ikke akseptere noen form for statlig nettsensur. Internettleverandører må, på samme måte som post- og teleselskaper, ikke gis noen overvåkningsrolle ovenfor innholdet i dataene de formidler, utenom der det er begrunnet mistanke om grove kriminelle handlinger som følge av etterforskning og ikke generell overvåkning. SU forventer samtidig at politiet og påtalemyndigheten gjør jobben sin, så vel på internett som utenfor.

SU ser ikke på økt kontroll av privat fildeling som noen bærekraftig løsning. Privat fildeling er vanskelig å kontrollere uten overvåkning som truer personvernet, og omfattende kontroll vil neppe være samfunnsøkonomisk lønnsomt. Den kommersielle bruken av åndsverk som radiospilling, bruk av musikk i reklamer eller filmer, avspilling på utesteder og i andre offentlige arenaer, er derimot åpen, offentlig, lettere å kontrollere og en viktigere inntektskilde for de fleste norske utøvere og opphavsmenn enn den private. SU mener derfor en naturlig følge av fildelingsteknologien på sikt vil være en lovliggjøring av privat deling innenfor rammene av åndsverksloven.

Denne tilpasningen er allerede i gang. Vi ser i dag at stadig flere utøvere og opphavsmenn velger å utgi sin musikk på åpne lisenser. Creative Commons er et eksempel på en lisens som er juridisk gjeldende i Norge og over 50 andre land allerede. Den gir utøvere og opphavsmenn større kontroll over verkene sine ved å gi dem muligheten til å velge hvilke rettigheter de vil beholde og hvilke friheter de vil gi verket. Felles for alle lisensene er at de gir en forhåndstillatelse til privat ikke-komersiell bruk, kopiering og deling av åndsverket. Opphavspersonene beholder kontroll over kommersiell bruk og remiksing slik at ingen andre kan tjene penger på deres åndsverk, mens den kulturelle allmenningen vokser. SU mener en slik utvikling i retning større bruk av frie lisenser vil gi utøvere og opphavsmenn mer ressurser til å skape og håndheve nye arenaer for komersiell bruk av musikken, og dermed være samfunnsøkonomisk smart.

En slik utvikling vil imidlertid innebære en innskrenking av det kommersielle rommet. Det tjener vanlige folk og konsumenter av musikk og kultur, men det vil også gi en del kunstnere et stort inntektstap. De som vil tape mest er de som i dag først og fremst lever av eksemplarsalg og har mindre tilgang til komersielle eller utøvende inntektskilder. I Norge gjelder dette et mindretall utøvere og opphavsmenn som allerede i dag er omfattet av ulike, om enn ofte utilstrekkelige, støtteordninger. SU mener det er et statlig ansvar å skape insentiver som gjør det lønnsomt for utøvere og opphavsmenn å frivillig legge åndsdverkene sine under åpne lisenser. Kompensasjons- og innkjøpsordningene bør tilføres mer midler og utvides for å nå flere. Samtidig vil SU kjempe for en større statlig pott for prodksjonsstøtte som ett viktig virkemiddel til å sikre penger til musikk- og kulturproduksjon i overgangen til nye inntjeningsmodeller for kulturlivet.

Ikkje overvak oss, Sverige! - forslag til fråsegn frå SU - hjelp meg!

Publisert måndag 4. mai 2009 av Mads

Eg har skrivi dette forslaget til fråsegn til Sosialistisk Ungdom sitt landsstyremøte som er no i helga. Eg er litt usikker på kor nøgd eg er, så eg håper på tilbakemeldingar frå dykk - anten i kommentarfeltet under, på twitter, mail eller kva for andre kommunikasjonskanalar de no vil nytte. Eg er takknemleg for alle innspel.

Den såkalla “krigen mot terror” har førd til og legitimert ei rekke åtak mot vanlege folk sitt personvern i heile den vestlege verda. SU krev ein slutt på denne krigen mot demokrati og ytringsfridom.

Særleg er Internett eit eigna område for dei som vil ha eit overvakingssamfunn. I Storbritannia kan politiet utan vidare ta seg inn i pcene til folk. Datalagringsdirektivet frå EU er skummelt nære oss, og ikkje minst har Sverige innføyrd ei overvakningslov som gjer dette direktivet til småtteri – den såkalla FRA-loven. Her opnar dei for at all datatrafikk inn og ut av Sverige blir overvakt. Dette rammar nordmenn i stor grad, da mykje av Noregs datatrafikk går via Sverige. Dermed er FRA-loven eit overgrep mot rettsvernet og personvernet også for nordmenn. I tillegg til dette går ein del av den «interne» norske trafikken via servere plassert i Sverige. Datatilsynet har konkludert med at «FRA-loven vil få konsekvenser for norske borgeres personvern».

Som om ikkje dette var nok, har EU innførd ei lov, IPRED, som delprivatiserar rettsvesenet og gir underhaldningsbransjen lov til å opptre som eit slags politi. Dette er særs negativt for rettsvernet til folk, og frontar ei utvikling som må stanses fortast muleg. No forhandlar EU, Japan og USA om ein ny avtale som går under namnet Anti-Counterfeiting Trade Agreement, ACTA, som ser ut til å bli ei større og verre utgåve av IPRED-lova.

Denne aukande overvakinga må ta slutt. Personvern er ikkje eit tomt tulleomgrep, det må tvert om styrkast og forsvarast med nebb og klør som ein av dei viktigaste grunnpilarane i eit fritt og demokratisk samfunn. Sosialistisk Ungdom krev i den samanhengen at regjeringa gjennomfører desse viktige tiltaka:

*Klart og tydeleg forteljer den svenske regjeringa at FRA-loven er forkasteleg.
*Legg ned veto mot datalagringsdirektivet om det skulle bli aktuelt og dermed nødvendig.
*Hentar dei fire «norske» basestasjonane i Sverige over til norsk jord, slik Finland allereie har gjort.
*Nettnøytralitet skal fortsetje å vera eit viktig prinsipp.
*Sikrer at det framleis berre skal vera politiet som skal kunne hente informasjon om kundar frå internettleverandørane, og at dette som i dag skal krevje ei rettsleg avgjerd.
*Gjer det klart at internettleverandørane ikkje har ansvar for kva kundane deira lastar ned.
*Held ein konsekvent og stø kurs med sterkt forsvar for personvernet og bort frå overvakingssamfunnet. Med fridom skal fridom forsvarast!

Frp om fildeling

Publisert torsdag 23. april 2009 av Mads

Eg skal gjera noko så sjeldant som å fritt sleppe til ein Frp-ar - om fildeling.

Fremskrittspartiets kulturpolitiske talsmann, Ulf Erik Knudsen, er ikke i tvil.
– Moral er problemet, sier han.

- Jeg mener ikke at myndigheter og politi skal drive klappjakt på uvitende 14- og 15-åringer, men det kan virke preventivt om det plutselig dukker politi opp på døren hjemme hos noen. Da får disse et forklaringsproblem overfor sine foreldre, som igjen har et ansvar for å opplyse sine barn om hva som er lovlig og ikke, sier Knudsen.

Heile saka, og les med det samme mitt innlegg om fildeling.

Og forresten har eg nett registrert meg på bloggurat.

Det byrjar å bli ein del sider på nettet eg er registrert no, merker eg. Og det er jo i grunn både positivt og negativt.

Piratpartiet, personvern og overvaking (eller: Derfor bør du ikkje stemme Høgre)

Publisert søndag 19. april 2009 av Mads

Første runde i Pirate Bay-saka er nettopp ferdig, og resultatet er at det svenske Piratpartiet har vorti landets fjerde største, og ungdomspartiet deira det største eller nest største. Og det er vel stort sett alt film- og musikkindustrien har oppnådd med denne saka, å styrke Pirate Bay og deira likesinna.

Altså eit kroneksempel på koss det ikkje skal gjerast.

Og det er veldig synd. Øyvind Solstad på NRKbeta har skrivi bra om korfor, og hans kollega Eirik Solheim har laga ein særs illustrerande teikneserie, som i grunn oppsummerar alle argumenta mine. For eg trur dei aller fleste som lastar ned ulovleg er som meg: vi vil ha tilgang til det vi søker enkelt, raskt, DRM-fritt, i den kvaliteten vi ønskjer og lovleg. Da trur eg dei aller fleste av oss godt kan og vil betale for det òg - sjølv om eg trur løysinga Simon skisserer er den beste.

For NRKbeta-doktrinen gjeld i aller høgste grad: The only way to control your content is to be the best provider of it. Det skulle eg verkeleg ønskje bransjen fekk med seg.

Den enorme framgangen Piratpartiet har hatt (dei fekk over 5000 nye medlemer etter dommen kom på fredag), vitner om at motstanden mot viljen i bransjen til å gjera alle sine potensielle kundar til fiendar er enorm. Og det kan eg godt forstå. Veldig godt, faktisk. Underhaldingsindustrien sitt med alle kort på handa, og dei klarer faktisk å søle det bort. Rettare sagt, det siste året har dei lovlege tilboda vorti betre. iTunes har fjerna DRM, og Spotify har kommi. Og nettopp Spotify er eit godt eksempel på det eg snakka om over: det har kommi eit lovleg tilbod som tilbyr streaming av mykje musikk, lovleg og gratis - og da brukar folk det. Sjølv om ein får lasta ned mykje av musikken Spotify har via bl.a. The Pirate Bay, veljer folk Spotify. Fordi det er enklare.

Dette burde folk verkeleg byrja å få med seg no.

Derimot ser vi stadig nye eksempel på folk som ikkje gjer det. Olemic Thommesen, muleg kulturminister for Høgre, går ut i Dagbladet og lover “tøffere tider for fildelerne”. Han viser dermed totalt manglande forståing for situasjonen, problema og utfordringane - pluss totalt manglande interesse for å finne løysingar. Sjå berre NRKbeta-doktrina. Løysinga er ikkje å lukke auga og grave seg ned. Løysinga er å komme med det beste tilbodet.

Tvert om maner Thommesen til eit overvakingssamfunn. Thommesens “viser til den svenske Ipred-loven”. Ipred er saman med den svenske FRA-loven og datalagringsdirektivet frå EU ein del av ein særs skummel ferd mot eit overvakingssamfunn der personvern har vorti eit framandord. Denne “løysinga” inneberer altså at ein skal saksøke alle som delar filer ulovleg.. Da har han ikkje skjønt mykje verken av korfor folk lastar ned eller kva slags fantastiske mulegheitar den nye delingsteknologien gir oss, og han viser ein vanvittig arroganse. Og nei, det er ikkje noko god løysing for kulturlivet heller å halda dei igjen i fortida. Det er for så vidt i god Høgre-stil, partiet som var mot blant anna allmenn stemmerett (først for menn og så for kvinner), pensjon, trygd og lånekassa, men det er ikkje desto mindre totalt idiotisk.

Og sjølv Høgre-bloggarareinige.

Vegen å gå er ikkje meir overvaking. Vegen å gå er meir fridom, meir personvern, mindre overvaking og eit betre tilbod!

(Forresten er det vel verdt å lesa Daniel Jackson sin Redd musikken frå eit par år tilbake.)

Arbeidarpartiet og AUF

Publisert laurdag 18. april 2009 av Mads

No er det landsmøte i Arbeidarpartiet, og dermed ein av dei viktigaste plassane norsk politikk blir skapa. For det er ikkje til å leggje skjul på at Det kongelege norske arbeidarparti har mykje makt over landet. Derfor er det interessant å følgje videostreamen og #aplm på Twitter.

Og det fører jo til ein del interessante kampar, sia Arbeidarpartiet i mykje større grad enn noko anna norsk parti er politisk delt - mellom Stoltenberg-fløyen og AUF-fløyen. Grovt sett kan Støre, Stoltenberg, Torgeir Micaelsen og gjengen deira like godt melde seg inn i Venstre, og AUFerne i SV.

For mens Arbeidarpartiet under høgrevrien heilt sia byrjinga av søttitalet heilt har gløymd alt som heiter klasse, interesseforskjellar og arbeidarar. Dei har satt ein stadig sterkare kurs bort frå den stolte delen av historia si. Der dei tidlegare sto på for å byggje og deretter styrke velferdsstaten, har mannen utan eigenskapar og hans likesinna ført ein sterk kamp for meir privatisering (inga regjering har privatisert så mykje som Stoltenberg I), øydelegging av pensjonen, innføringa av eit tenestedirektiv som fører til sosial dumping, omgjering av sjukehusa til verksemder som skal tene pengar (!), og enda meir. I alle desse sakene har Ap vori heilt einige med Høgre!.

Det same Høgre som var hovudmotstandar gjennom Ap si storheitstid, har no vorti deira nærmaste samarbeidspartner i alle sakene om (nedbryting av) velferdsstaten. For mens Høgre konsekvent har vori mot ein skikkeleg pensjon, mot faglege rettar og for eit samfunn der kvaliteten på skole, sjukehus og så vidare avhengar av kor mykje pengar du har på konto, har jo Ap ei historie av litt betre art her. Men etter kvart som åra har gått, har Det kongelege norske pampemonopol flytta seg stadig nærmare Høgre her - Arbeidarpartiet har vorti enda eit av partia for overklassen..

Og det bør verkeleg vera flaut for venstresida i partiet, men først og fremst for fagrørsla - for LO, som sprøytar pengar inn i dette partiet som aktivt motarbeidar deira interesser. Ja, faktisk har Senterpartiet og iblant òg Krf (!) i mange saker dei siste åra plassert seg til venstre for Arbeidarpartiet. Da er det verkeleg på tide at lampane byrjar å lyse.

For sei meg, Arbeidarparti, er det ikkje litt flaut å vera liberalistar? Og ikkje berre det, er det ikkje flaut å vera liberalistar som skjular seg under sosialdemokratisk retorikk? For det er det slett ingen mangel på på landsmøte og i program.

Sei meg, Arbeidarparti, koss er det muleg å gløyme si historie så totalt?
Sei meg, Arbeidarparti, koss kan de så glatt akseptera å bli eit parti stadig meir for overklassen?
Sei meg, Arbeidarparti, er det ikkje på tide å skifte namn?

No er ikkje alt like svart som eg skisserar over, for det er jo ein god del motstand internt i partiet mot denne linja. For mens Martin Kolberg kjem med God dag, mann økseskaft og legg alle kreftar inn for å konstruera eit problem, for å leggje mest muleg til rette for å setje dagsorden til støtte for dei framandfiendtlege og bort frå alt som liknar på klasse, og Stoltenberg pleiar tett omgang med folk som Petter Stordalen og Kjell Inge Røkke, har ungdomspartiet AUF ein retorikk og ein vedtatt politikk som liknar klart meir på den SV har.

For AUF står fast på den sosialdemokratiske linja, og går mot alle Stoltenberg-fløyens hovudsaker. AUF-fløyen forsvarar etter beste evne arbeidaranes interesser, går mot dei marknadsliberalistiske, udemokratiske, krigshissande og kjipe EU og NATO, og frontar kampen mot oljeboring i nord - men berre til eit visst punkt. For når alt kjem til alt, stemmer AUF-arar i bystyre, kommunestyre og fylkesstyre landet over etter partipisken. Dei stør ein politikk dei eigentleg er mot, dei stemmer ned saker dei sjølv har vedtatt som viktige for dei, og dei er regelrett feige. Det held ikkje med fine ord og flotte vedtak, de må faktisk stå på krava!

Så det blir spennande å følgje partiet sitt landsmøte. Eg håpar Det kongelege norske arbeidarparti kan slutte å leike Venstre, og heller løfte fram igjen den sosialdemokratiske arva. For klasseskilje og klasseinteresser er like reelle som nokon gong, og dei er så mykje viktigare for folk sin kvardag enn “radikal islam” og hijab til saman.

Så derfor, lykke til med landsmøtet, AUF og resten av Ap-venstrefløya. Måtte de vinne kampen for demokratisk styring av sjukehusa, mot oljeboring i nord og for eit meir sosialdemokratisk Arbeidarparti.

Påsketips: Gjer inkje.

Publisert søndag 5. april 2009 av Marta

Nett no gjer det faktisk ingen verdas ting å vere forkjøla, sjølv om det er ferie. Ein kunne kanskje tenkt at det er ein keisam ting å bruke ferien på, og eg må innrømme at det var det da eg var heilt på tuppa, fekk vondt i hovudet av å reise meg og gå fem meter, og ikkje eingong orka å halde hovudet opp så eg kunne lese småtteri på msn. Men nett no går det eigentleg veldig fint. No har eg ein heilt legitim grunn til å slappe av maksimalt. Eg trengte nokre dagar på å fjerne rastløysa, den evig messande kjensla av at det heilt sikkert var noko eg burde ha gjort, at eg kasta bort tida mi, var ineffektiv. Men er ein sjuk, så er ein sjuk. Da er det lov å ta det litt med ro. Iallfall når ein har ferie.

Etter eit par dagar eg stort sett har tilbrakt i sofaen har eg innsett at det faktisk ikkje er så mykje eg treng å gjere. Det er godt. Eg skal ordne eit 2.- eller 3.utkast på romanprosjektet mitt så eg kan skrive det ut når eg byrjar på skolen igjen, skrive litt på noko anna småtteri, sånt som dette for eksempel, feire våren med venar, blomster og blåbærpai, gjere yoga, glo litt meiningslaust i taket berre fordi eg kan, planlegge litt NU-greier, og ikkje minst kose meg masse med bøker og musikk.

I dag er det Kent som vandrar ut or høgtalarane, kanelsnurrar som vankar frå kjøkkenkanten og i bokstabelen ligg det fem bøker. Eg har byrja på alle saman tidlegare, så nær som den eine som eg byrja på først i går, så eg greidde ikkje å velje ut berre ei. Det er jo fint med litt variasjon uansett. Strengt tatt er det berre fire bøker, men den eine har eg i to utgåver, ei på fransk og ei på norsk (nynorsk^^), fordi eg treng den norske utgåva som støtte på fransklæringseventyret. Det er veldig fine bøker, så eg ligg her og kosar meg glugg i hel i sofaen. Til den som er nysgjerrig, inneheld bokstabelen desse bøkene:

”Ensemble, c’est tout” av Anna Gavalda
Den norske utgåva: ”Saman er ein mindre aleine”
”Mig äger ingen” av Åsa Linderborg
”Life of Pi” av Yann Martel
“La meg synge deg stille sanger” av Linda Olsson

Mitt tips til ferien: Prøv å gjer inkje. Det er forbausande godt frå tid til anna det òg.

Han e lang, vintern - men ikke evig.

Publisert fredag 3. april 2009 av Marta

Det er særs viktig å seie hipp hurra og gjere litt stas på dei tinga og folka som tydar mykje for deg. Så slipp dei å lure. Det er vondt å ikkje kjenne seg viktig. Riktig vemmeleg å tru at ein ikkje tydar noko for nokon. I dag slår eg på tromme og hamrar laus på imaginære steikepanner og det som verre er,  for å gje ein hyllest til…

våren.

Eg vil rose han hemningslaust, takke, bukkenikkeneie, rope, gråte, applaudere vilt med bjørnelabbane:

Rett og slett vise åtgaum så det ljomar fjellimellom.

For kva skulle eg gjort utan våren? Krepert? Gått på ein vegg eller fem? Gravi meg ned i ei snøhule til hjartet mitt vart is og knustes idet leitemannskapet frå Raudekrossen stakk leitestakane sine ned i snøen for å finne meg. Kanskje eg hadde stivna midt i ein pandaballerinapiruett i eit krampaktig forsøk på å skape litt lys, litt varme, litt liv…

Så i dag vil eg gjerne få heidre tørre vegar og sol og varme og blomar og lette tøyskor.

Værsågod, våren, dette er til deg: Mi gjere-liste:

  • Hengje opp farga gardiner.
  • Koke suppe på lavendel og opne dører og vindaug på vidt gap.
  • Kviskre små, søte ord på esperanto.

Så kan alle lukte, høyre, sjå min hyllest til våren – farga gardiner, lavendel til folket.
Søte små ord og tankar til verda. Som takk for at ho gir meg vår frå tid til anna.

Likestilling av skift og turnus - endeleg!

Publisert torsdag 26. mars 2009 av Mads

Søstre, kameratar: gratulerar!

Dagens soleklare gladnyheit. No er ei av dei store feministiske kampsakene krona med siger!

Forresten: abre har eit glitrande innlegg om religiøse (privat)skolar i dag.

Kampanje for å få esperanto på NTNU - skriv under du òg!

Publisert tirsdag 10. mars 2009 av Mads

I desse dagar har eg og Elias starta ein kampanje for å få esperanto som emne på NTNU. I denne samanhengen har vi starta eit opprop, og vi treng det vi kan få av støtte for å komme nokon veg. Derfor: Gjer oss ei stor teneste, skriv under du òg.

Oppropsteksten:

Vi vil ha esperanto som emne på NTNU!

Esperanto er eit språk som verkeleg høyrer heime på eit teknisk-naturvitskapleg universitet som samtidig har språklinjer.

Esperanto er eit nøytralt språk som kanskje særleg nyttast blant akademikarar. Det er enkelt å lære seg, og er følgjeleg eit språk ein faktisk kan rimeleg godt etter berre to intro-fag (det som på NTNU heiter 0501- og 0502-fag).

Dessutan er esperanto utmerka når det gjeld å lære språk. Folk som har hatt eitt år esperanto og tre år fransk kan fransk betre enn dei som har hatt berre fransk i fem år. Sånn kan faget vera eit sjakktrekk for alle som går språklinjer å ta tidleg i studiet…

Det er dessutan det mest egna språket for alle som driv med datalingvistikk, og eit ypperleg perspektivemne for alle gløshaugarar som slit litt med å finne noko som freistar.

Vi er overtydde om at NTNU utan store problem kan fylle ein klasse om dei sett opp esperanto som emne. Gi oss sjansen!

Vi kan ikkje gjera alt samtidig

Publisert torsdag 5. mars 2009 av Mads

Venstresida får ofte kritikk for å fokusera veldig mykje på nokre få saker (typisk Palestina), mens vi bryr oss altfor lite om andre saker (typisk Kongo). Og det er det lett å vera einig i. Det fins mange, mange viktige, store saker som folk burde hoppe på barrikadane for og demonstrere, hyle, klage og kjefte over. Berre når det gjeld land som fortener mykje meir merksemd, kan eg nemne Vest-Sahara, Kongo, Sudan(/Darfur), Somalia, Tsjetsjenia og så vidare. Det samme gjeld meir nasjonale saker - det er ikkje utan grunn det fins haugar av forskjellige interesseorganisasjonar, innretta mot anten eit tema eller ei spesiell sak.

Så er det for dei fleste av oss klart lettast å engasjera oss i eit tema vi har stor interesse for - jo større interesse, jo større er sjansen for engasjement. Samtidig, skal ein først engasjera seg i eit tema bør ein gjera det skikkeleg for at det skal monne noko - som fører til ei naturleg avgrensing av kor mange tema/saker ein kan fokusera på.

Dessutan er det sånn at folk med felles bakgrunn, livsstil, smak med meir (altså habitus) ofte engasjerar seg i mykje det samme, pluss at, det er berre å sjå det i auga, vi er langt frå så mange verken i kvinnerørsla, sosialismerørsla eller dei andre gode rørslene som vi burde ha vori. For all del, du skal ikkje kimse av oss, og vi får gjort mykje fornuftig, men vi kunne gjort mykje meir og satt fokus på fleire av dei viktige sakene om vi var dobbelt så mange.

Synes du det er ei sak som får for lite fokus? Finn ein eller annan som er einig med deg, og sett fokuset der sjølv!. Drar du i gang ein underskriftskampanje, skriv ei fråsegn, skipar til eit informasjonsmøte eller ein demonstrasjon, så stillar eg opp såframt eg kan - og det gjer mange med meg òg! (Ja, eg har vori der og gjort det sjølv. SUs IT-politikk er eit direkte resultat av mitt og Simons engasjement.)

For det er trass alt ei grense for kor mykje kvar av oss kan jobbe i rørsla - og vel så viktig, det er ei grense for kor mykje kvar og ein av oss bør jobbe. Det er meir bruk for ein i 80% over eit år enn 100% i tre veker. Ergo kan ikkje alle av oss uansett fronte alle dei viktige kampane.

Det samme gjeld sjølvsagt meg òg. Men du verda, kor glad eg er for at andre tar dei mange andre viktige kampane!